Grømstadposten

Artikkelstart

Grømstadposten var ei Venstre-avis utgitt i Grimstad mellom 1884 og 1951. Avisa var talerøyr for nasjonal oppvakning og hadde ei uttalt kritisk røyst mot nazismen sin framvekst på Kontinentet.

Historie

Avisa Grømstadposten kom ut under namnet Andvake første gongen i 1884. Tre år etter skifta ho namn til Grømstad-Posten, deretter til Grimstad-Posten, og seinare, i 1927, til Grømstadposten. Det einaste kjende opplagstalet er frå 1932, og då var det 1500.

Etablert i det konservative Grimstad, representerte Grømstadposten liberale straumdrag og kjempa for større nasjonal sjølvkjensle. Høgre-avisa Grimstad Adressetidende var den lokale konkurrenten til Grømstadposten. I tillegg til det nasjonale stod fråhald og målsak sentralt i avisa sin profil. I perioden 1927–1930 var redaksjonsspråket nynorsk, men også før den tid hadde det vore trykt artiklar på nynorsk i avisa.

Redaktørstolen var gjennom avisa si historie hovudsakleg dominert av familien Dyvik frå Grimstad. Far Knut Dyvik var redaktør i periodane 1908–1927 og 1945–1951, mor Dina Dyvik var redaktør i perioden 1928–1934 og sonen Olav Dyvik var redaktør frå 1934 og fram til 1940. Dei tre hadde i 1928 kjøpt aksjeselskapet og forlagsretten til avisa.

Då den andre verdskrigen kom til Noreg hadde tyskarane allereie hatt Grømstadposten under oppsikt ei stund, på grunn av avisa si tydelege anti-nazistiske haldning. Avisa vart stoppa i 1940, og Olav Dyvik sine siste ord til lesarane var «Gud bevare Norge». Han vart seinare avrettaTrandum i 1944.

Etter krigen klarte avisa aldri å kome skikkeleg på fote att. Det var faren, Knut Dyvik, som prøvde å få drifta i gang på nytt, men avisa måtte leggjast ned i 1951.

Opplag

År Opplag
1932 1500

Fakta

  • Andvake: Fyrste nummer 1. november 1884, siste nummer 29. juni 1887.
  • Skifta namn til Grømstad-Posten 2. juli 1887 (Grømstadposten frå nummer 152, 1927).
  • Stansa 20. november 1940.
  • Kom ut etter andre verdskrigen i perioden 25. september 1945–30. mars 1951

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
  • Rune Ottosen (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo 2010
  • Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg