Freydis

Artikkelstart

Freydis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Frey-dís. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Frøy. Etterleddet tyder ‘dis; kvinne’.

Forma Frøydis er språkhistorisk meir korrekt. I norrønt vart bokstavkombinasjonen [ey] uttalt [øy]. Ein parallell er verbet leysa i norrønt som svarer til løysa i nynorsk. I Freydis har nok den vanlege uttalen vore [ei, som i Eyvind.

Namnet har fleire variantar: Frøydis, Freidis, Freydis, Frøidis.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Freydis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg