Frøystein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Frey-steinn. I dette toledda namnet går forleddet Frøy- tilbake til gudenamnet Frøy (mannleg gud). Etterleddet tyder ‘stein’.

Personar med namnet Frøystein

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Frøystein Halvorsen fødd 1891 i Talvik (Finnmark), busett i Luster i 1900. Far til Frøystein var sokneprest, og prestar var ofte tidleg ute med å ta i bruk nasjonalromantiske namn.

Kjende personar med namnet Frøystein

Eit utval personar med namnet Frøystein, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Frøystein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg