Folk & Røvere
Folk & Røvere, pressefoto (2015) av Therese Lech og Ulf Nygaard
Av .

Folk & Røvere, norskspråkleg band i sjangeren trip-hop/elektronika, danna i Oslo i 1994.

Ulf Nygaards kviskrande, behagelege vokal kjenneteiknar musikken til Folk & Røvere, og tekstane er ofte knytte til Oslo, klubbliv og sommar.

Etablering

Hjernen bak Folk & Røvere er låtskrivar og vokalist Ulf «Ulph» Nygaard. Ein tidleg versjon av bandet inkluderte Øyunn Bjørge som vokalist, og i 1994 vann dei prisen for årets demo i NRK P3.

Debuten Vi som ikke har opplevd krigen, kom i 1996, då med Beate Slettevoll Lech som vokalist. Ho var òg med på Kaustisksoda, som kom i 1997, og som gjorde at bandet vekte merksemd med kombinasjonen av tidsriktig trip-hop og nynorske tekstar. Slettevoll Lech gjekk etter dette over til sitt eige prosjekt Beady Belle.

Utvikling

Nygaard har seinare hatt med seg ei rekkje gjestevokalistar og musikarar både live og på plate, mellom anna Maria Solheim, Saint Thomas og Arne Scheie.

Fleire av singlane til bandet, til dømes «Yess!» og «Dust» blei spelte mykje på radio, men det store gjennombrotet kom med låten «Utadæsjælåpplevelse» frå albumet Bagateller (2003), der Ivar Christian «Ravi» Johansen var vokalist. Låten blei nominert til årets låt og årets video under Spelemannprisutdelinga i 2004.

Bandet har seinare fått eit mørkare uttrykk, og Lysrædd, som kom i 2008, er meir melankolsk og dystert enn dei tidligare albuma. I 2011 kom albumet Hvis du ikke finner meg, så let i byene, med Therese Lech, systera til Beate Slettevoll Lech, som ny vokalist i bandet.

Ulf Nygård har òg eit engelskspråkleg sideprosjekt som blir kalla Flunk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg