Firda Tidend

Avishode til Firda Tidend
Firda Tidend.
Bjørn Grov (f. 1955) var Firda Tidend sin redaktør i tre periodar mellom 1979 og 2017.
Bjørn Grov
Av /Firda Tidend.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Firda Tidend var ei dagsavis i Sandane, grunnlagt 1924. Avisa kjem ut tre gonger i veka. Firda Tidend er lokalavis for Gloppen og Jølster. Redaktør: Aadne Gloppestad.

Historie

Det var skipinga av Bondepartiet i 1920 som påskunda oppkomsten av endå ei avis i Gloppen ved sida av Høgreavisa Nordfjord. Firda Tidend kom ut for første gong 1. juli 1924, og bøndene fekk no eit talerøyr i Sogn og Fjordane. Bondepartiet var på intens jakt etter bladprosjekt i fylket denne fyrste mellomkrigstida. Fleire upolitiske bladtiltak i Nordfjord og Sunnfjord hadde det nyskipa partiet på døra i perioden 1922–35.

Det er uvisst kva bonderørsla si nye avis tenkte om å dele heimebane med konservative Nordfjord. Kanskje var det inga reell problemstilling? Dei to avisene levde i alle fall bra, side om side. Dei må tidleg ha etablert ein uskriven borgfred.

Firda Tidend sin fyrste redaktør, Johan Lid, forlét avisa etter fem år. På solid vis tok han hand om bladet sine ambisjonar, også på målsida. Han kom til avisa på Sandane frå Bondebladet på Voss og reiste attende til Voss for å ta seg av Horda Tidend. Johan Lid formidla i fyrste nummer ein interessant refleksjon på vegner av bygdekulturen: «[…] i fyrste rekkja er lokalbladi ei av dei viktigaste orsakerne til at storbladi i byane hev so lite aa segja paa folkemeiningi i bygderne.» Han meinte bygdeavisene var sterke meinings- dannarar og ein voll mot påverknaden frå byane sine dagblad, trass i små opplag.

Firda Tidend blei refinansiert og organisert under ny utgjevar på 1930-talet. Det skulle bli starten på avisa sine mange gode år med Anders Øvreseth i styrarstolen. I hans tid blei avisa for alvor etablert som lokalavis for Gloppen, Breim og Indre Jølster.

Firda Tidend var ei av fire aviser i fylket som kom ut alle fem åra under framandt styre. Det gamle Høgre-bladet kom aldri att, og Firda Tidend blei åleine med Sandane og omlandet. Det gav bladet eit godt utgangspunkt i etterkrigstida.

Etter at bladstyraren gjennom 36 år gjekk bort i 1966, blei Firda Tidend organisert under eigarskapen til L/L Senterpartibladet. Sidan har Senterpartiet sine organisasjonar, samt handelslaga i Gloppen og Breim og ei rad småeigarar, sete på eigarsida. Partiet har 45 prosent av aksjane i Firda Tidend, noko som gjorde avise til den einaste i Sogn og Fjordane med ein partiorganisasjon som hovudeigar.

Eigarselskapet tok over Solglimt Trykkeri i Bukta på Sandane i 1981. 14. november 1988 gjekk avisa opp frå to til tre avisdagar, som den siste i fylket. Firda Tidend investerte stort i nytt trykkeri vinteren 2007 og var den einaste avisa att i fylket som ikkje var tilslutta eit større sentraltrykkeri.

Opplag

År Opplag
1932 1000
1950 2000
1962 2030
1970 2314
1983 3037
1998 3123
2008 3056
2015 2921

Fakta

  • Fyrste nr. 1.7.1924, fyrste red. Johan Lid.

Ekstern lenke

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg