Elizabeth Barrett Browning

Faktaboks

Elizabeth Barrett Browning
Uttale
brˈauniŋ
Født
6. mars 1806, Kelloe, Durham, England
Død
29. juni 1861, Firenze, Italia

Elizabeth Barrett Browning var ein av dei mest kjende engelske diktarane rundt 1850. Bøkene hennar selde godt, og ho hadde stor innverknad på andre forfattarar både i Storbritannia og USA.

Barndom og familie

Elizabeth (heime berre kalla 'Ba') var den eldste av tolv søsken i ein velståande familie. Ho utmerkte seg frå svært ung alder med boklege interesser og diktskriving. Ho fekk støtte frå dei stolte foreldra i desse syslane, mora samla ungdomsdikta i hefte, og faren fekk eit episk dikt trykt, om enn berre til bruk i familien. Det er få andre diktarar som har like mange bevarte ungdomsverk, og dei er eit tydeleg teikn på tidlege ambisjonar og ein klar diktaridentitet.

Utdanning eller danning

Sidan ho var jente, fekk ikkje Elizabeth nokon formell utdanning, og det kan verke som ei gåte at ho framstår så lærd som ho gjer. Svaret er dels at ho fekk heimeundervisning saman med ein bror. Men den viktigaste faktoren var at ho arbeidde målretta med å lære seg det gutar lærte på skule og universitet, ikkje minst dei klassiske språka gresk og hebraisk. Ho kunne desse godt nok til å omsette gresk litteratur til engelsk, og var framleis berre barnet då ho skreiv sitt eige episke dikt i Homer-stil.

Helse

Elizabeth leid av dårleg helse heile sitt vaksne liv, etter ein sjukdom i ryggrada som tenåring, og seinare også lunge-sjukdom, kanskje tuberkulose. Behandling med opiat gjorde henne ikkje mindre svak. Ho skreiv likevel flittig og publiserte mange dikt og artiklar i blad. Den første diktsamlinga kom i 1826, då ho var tjue (An Essay on Mind with other Poems), ei ny samling følgde i 1838 og denne var den første under eige namn. Den verkelege suksessen kom med Poems i 1844, som seinare kom i nye, reviderte utgåver.

Status

Elizabeth Barrett var ein av dei mest leste og respekterte diktarane på 1840-talet og seinare. Då den store farsfiguren i romantisk poesi, William Wordsworth, døydde i 1850, var Elizabeth Barrett ein av kandidatane til å ta over tittelen som Poet Laureate. Ho ville i så fall blitt første kvinne i den posisjonen. Då det kom til stykket valde dei likevel ein ny mann, nemlig Alfred Tennyson. Det skulle ta endå 159 år før den første og hittil einaste kvinna blei utnemnd, Carol Ann Duffy i 2009. Men Elizabeth Barrett sitt kandidatur seier mykje om den posisjonen ho hadde i samtida.

Kjærleiksdrama

Robert Browning og Elizabeth Barrett Browning

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Den kjende poeten Elizabeth Barrett var blitt 38 år, og var praktisk talt sengeliggande eller iallefall bunden til rommet sitt. Ho fekk besøk av vener og familie, men hadde eit svært avgrensa sosialt liv. Til trøyst hadde ho hunden Flush, som Virginia Woolf seinare gjorde til hovudperson i ein original biografi om forfattaren: Flush: A Biography (1933).

Så melder den unge, håpefulle poeten Robert Browning seg, og vil bli kjent med Elizabeth. Han er 32, seks år yngre enn henne, og har lese hennar bok Poems, og er full av begeistring: 'I love your verses with all my heart, dear Miss Barrett'.

Men det tek lang tid før Elizabeth går med på å treffe han. Dei fylgjande månadane utvekslar dei mengder av brev, sjølv om begge bur i same by (London). Slik blir dei først vener, og etterkvart kjæraster. Denne prosessen får lesarene del i gjennom den kjende syklusen med kjærleiksdikt Elizabeth gav ut nokre år seinare: Sonnets from the Portuguese (1850). Desse dikta er nære og intime, og skildrar korleis Elizabeth opplevde at livet vart totalt forandra etter at Robert kom inn i det. Frå å vere døden nær var ho plutseleg høgst levande og lukkeleg.

Men det heile gjekk slett ikkje udramatisk føre seg. Elizabeth sin far godtok ingen friarar, og dei to måtte halde tilhøvet sitt hemmeleg for han (mora var forlengst død). Så sjølv om dei to kjærastane var godt vaksne, måtte dei lure seg til kyrkje ein laurdag i september 1846 og gifte seg i løynd. Så rømte dei landet, og slo seg ned i Italia der dei budde resten av Elizabeth sitt liv. Faren gjorde henne arvelaus på grunn av ekteskapet.

Nytt liv

Elizabeth Barrett Browning fekk ei staseleg grav på den engelske kyrkjegarden i Firenze.

I Italia levde dei lukkelege år i Firenze og Sienna, og var eit kjend diktarpar. Dei fekk ein son då Elizabeth var 43, etter fleire spontanabortar. Sonen hadde kallenamnet Pen, men heitte eigentleg Robert som faren.

Elizabeth hadde fått eit forlenga liv og fornya helse, takk vere Robert og middelhavsklimaet, men ho var framleis prega av tidlegare sjukdom, og døydde tidleg, som 55-åring sommaren 1861.

Sosialt samvet

Eit av Elizabeth Barrett sine mest kjende dikt er The Cry of the Children (frå samlingen Poems (1844). Dette er ei sterk avsløring av det grusomme barnearbeidet som var vanleg på fabrikkane i den tidlege industrialiseringa, noko vi også ser i Charles Dickens sine bøker. Diktet vakte stor merksemd, og diktaren sett på som eit talerør mot urett.

Ho talte også mot slaveriet, til dømes i dikta 'A Curse for a Nation' og 'The Runaway Slave at Pilgrim's Point'. Det siste beskriv valdtekt av ein kvinneleg slave, og er ei sterk vitnemål frå den lidande part. Harriet Beecher Stowe, som gav ut Uncle Tom's Cabin (Onkel Toms hytte) i 1852, brevveksla med Elizabeth og møtte også ekteparet Browning.

Eit av hovudverka er Aurora Leigh (1856) som er ein verse-roman i ni delar. Denne kom i minst tjue ulike opplag utover 1800-talet, og har blitt nyoppdaga av seinare tids feministar. Her er det ei sterk kvinnestemme, ein forfattar som avspeglar Barrett Browning sine eigne erfaringar.

Teater og film

The Barretts of Wimpole Street 1934
Lisens: CC BY SA 3.0

Elizabeth Barrett og Robert Browning si dramatiske kjærleikshistorie har vore ypperleg materiale for teater og film. Rudolph Besier skreiv eit teaterstykke som hadde suksess på Broadway i 1931. Dette var grunnlag for filmen The Barretts of Wimpole Street (1934), regissert av Sidney Franklin og med Norma Shearer som Elizabeth og Fredric March som Robert. Over tjue år seinare (1957) laga same regissør ein ny film med same tittel, men nye skodespelarar. Den gongen hadde Jennifer Jones og Bill Travers hovudrollene, medan John Gielgud spelte den tyranniske faren.

Der var også ein serie fjernsynsadaptasjonar av stykket mellom 1950 og 1961, med same tittel som før. Den nyaste versjonen er ein BBC-film frå 1982, der Jane Lapotaire spelte hovudrolla og Jeremy Brett var Robert. Her hadde Joss Ackland rolla som faren.

Med utgangspunkt i teaterstykket The Barretts of Wimpole Street finns det også ein musikalversjon i operetteform, med tittelen Robert and Elizabeth (1964). Regissør var Rob Graine, June Bronhill spelte Elizabeth og Keith Michell var Robert. Stykket var ein stor suksess, og har seinare vorte oppført på nytt ved ulike teater eller festivalar i 1977, 1987 og 2000.

I den tidlege pionertida for stumfilm vart det laga kortfilmar over to av Elizabeth Barrett Browning sine verk, eit teikn på kor stort namnet hennar framleis var ved slutten av 1800-talet og lenger. The Cry of the Children (1912) vart regissert av George Nichols, og er ein 25 minutt lang film om ei fabrikkjente og ein overklassefamilie som ønsker å adoptere henne. Filmen vekte oppsikt sidan fleire av fabrikk-scenene som viser barn i arbeid er autentiske. Den andre tidlege stumfilmen var ein amerikansk versjon av Aurora Leigh (1915).

Norske omsettingar

  • 1903: Engelske digte og sange, Omsett av Chr. Collin, Oslo: Det norske aktieforlag. (Inneheld tekstar av Shakespeare, Shelley og Elizabeth Barrett Browning).
  • 1922: Kjærlighetssonetter, omsett av Ingeborg von der Lippe Konow.
  • 1930: Sivfløiten, omsett av Karen Hanssen. (Innheld tekstar av Tennyson, Shelley, Byron og Barrett Browning).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Chapman, Alison. Networking the Nation: British and American Women's Poetry and Italy 1840-1870, Oxford University Press, 2015.
  • Forster, Margaret. Elizabeth Barrett Browning: A biography, 1988.
  • Hair, Donald S. Fresh strange music: Elizabeth Barrett Browning's Language, McGill University Press, 2015.
  • Kenyon, Frederic G. The Letters of Robert Browning and Elizabeth Barrett Browning, Project Gutenberg, 2004.
  • Virginia Woolf, Flush: en biografi, omsett til norsk av Merete Alfsen, Oslo: Pax, 1999.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg