Eli Oftedal

Faktaboks

Eli Oftedal
Født
6. september 1921, Sparbu (no Steinkjer)
Død
5. juli 2019, Oslo

Artikkelstart

Eli Oftedal var ein norsk omsetjar, «kjøkenskrivar» og radiokåsør.

Eli Oftedal var fødd i Sparbu. Ho tok examen artium på latinlinja ved Steinkjer landsgymnas i 1941, gjekk på teiknelinja på Statens kvinnelige industriskole (seinare Statens lærarhøgskole i forming, Oslo), tok norsk mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1945, fransk mellomfag i 1947 og studerte engelsk ved University of Madison, Wisconsin, USA i 1947–1948. Same staden studerte ho også kunsthistorie og komposisjon.

I 1943–1945 var ho lærar, 1948–1950 var ho tilsett som redaksjonssekretær for det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok, og ei tid gjorde ho frilansarbeid med redigering av stoff for Norsk Tidend og Dag og Tid.

Ho omsette over 30 bøker frå engelsk, tysk og fransk, dei fleste frå engelsk, mange av dei barnebøker og mange for Det Norske Samlaget. Ho gjorde òg ei rad omsetjingar for NRK. Mest kjend er kanskje likevel omsetjinga av operetten Oklahoma! for Det Norske Teatret i 1949.

I mange år var ho frilans petitskribent i Dagbladet under signaturen «Eli», og ho heldt mange morgonkåseri i NRK, mellom anna i serien «Som dagane går».

Oftedal var varamedlem av Norsk språkråd 1988–1995, oppnemnd av Norsk Oversetterforening, varamedlem til styret i Riksteatret 1961–1969 og var ei tid leiar for rådet for Norsk Barneblad.

I jubileumsboka for studentane frå 1941 fører ho opp som yrke «kjøkenskrivar», med den forklarande parentesen «ei som skriv på kjøkenet».

I 1971 vart ho tildelt Norsk barnelitteraturpris av Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg