Elfrid er eit kvinnenamn som er norsk form av det tyske Elfriede med opphav i gammalengelsk Ælf-thryth. Forleddet tyder ‘alv’ og etterleddet ‘kraft, styrke’. Elfrid kan også vere ein variant av Eldfrid.

Namnedag er 23. juni. Eldrid har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Elfrid Mossige fødd 1884 i Hetland (Rogaland).

Namnestatistikk

I 2022 var det 321 kvinner i Noreg som hadde Elfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Elfrid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Elfrid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg