Daniel Heradstveit

Faktaboks

Daniel Heradstveit
Født
4. september 1940, Norheimsund, Hardanger
Død
7. februar 2018, Oslo

Artikkelstart

Daniel Heradstveit var ein professor og forskar i internasjonal politikk, med Midtausten som spesialfelt.

Heradstveit tok examen artium i Bergen i 1960, magistergraden i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1967 og doktorgraden same staden i 1979. Han spissa denne utdanninga med studium av språk, kommunikasjon og politisk psykologi. Magistergradsavhandlinga er ein analyse av stortingsdebatten om EEC, og i doktoravhandlinga skriv han om psykologiske hindringar for fred i den israelsk-arabiske konflikten.

I åra 1969–1984, og frå 2006, hadde Heradstveit stilling som forskar, forskingssjef og direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt. Han har vore professor ved Johns Hopkins-universitetet i Bologna og ved Syracuse University i New York. Frå 1986 til 1996 var han professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Mykje av forskinga hans handlar om språket som verkemiddel. I Politisk kommunikasjon viser han korleis retorikk er med og skaper meining og mobiliserer til handling. Eit anna forskingstema er terrorisme. I Politisk terrorisme analyserer han terrorverksemd i europeiske land. Seinare vart forskinga særleg retta mot Midtausten og Asia, der han gjorde feltarbeid i ei rekkje land. Både som forskar og som rådgivar for Statoil formidla han ein inngåande kjennskap til Iran.

Heradstveit var professor emeritus ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt og ved Syracuse University i USA.

Daniel Heradstveit var bror av Per Øyvind Heradstveit.

Utvalde utgjevingar

  • The Arab-Israeli Conflict
  • Psychological Obstacles to Peace (1979, dr.avh.)
  • Norsk utenrikspolitikk (red. med Johan Jørgen Holst, 1985)
  • Politisk kommunikasjon: introduksjon til semiotikk og retorikk (med Tore Bjørgo, 2. utg. 1992) og Etnisk nasjonalisme
  • Konflikter i Kaukasus og Sentral-Asia (med Alf Grannes, 1994)
  • Democracy and Oil: The Case of Azerbaijan (2001)
  • Oil in the Gulf. Obstacles to Democracy and Development (2004, red. med Helge Hveem)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg