Cornelia er eit kvinnenamn som går tilbake til namnet på ei romersk patrisiarslekt, Cornel-ius/-ia som er laga til latin cornu som tyder ‘horn’.

Det norske horn har same indoeuropeiske bakgrunn som det latinske cornu.

Namnet har fleire variantar: Cornelia, Cornelie, Kornelia, Kornelie.

Kjende personar med namnet Cornelia

Eit utval personar med namnet Cornelia, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 349 kvinner i Noreg som hadde Cornelia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 50 jenter som fekk namnet Cornelia.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn på -ia og -ie med tre eller fire stavingar har utanlandsk opphav. Dei var på topp rundt år 2000. I tillegg til Cornelia gjeld dette til dømes Amalie, Amelie, Cornelia, Emilia, Emilie, Julia, Julie, Lydia, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofia, Sofie og Viktoria. Den norskprega stavemåten Kornelia er for lite brukt til å bli representert med kurve.

Utvikling i bruk av namnet Cornelia frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Cornelia frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg