Faktaboks

Brynjulf Bergslien
Brynjulf Larsen Bergslien
Fødd
12. november 1830, Voss, Vestland
Død
19. september 1898, Kristiania (no Oslo)
Verke
Billedhugger
Familie

Foreldre: Husmann og korporal Lars Bergeson Bergslien og Kirsten Knutsdotter Gjelle.

Gift 1861 med Johanne Christine Tønnesen (1842–1930), datter av verksmester Hans Christian Tønnesen og Rønnaug Kristine Tofte.

Bror av Knud Bergslien (1827–1908).

Brynjulf Bergslien. Karl Johan-monumentet framfor Slottet i Oslo.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Brynjulf Bergslien var bilethoggar, gravør og siselør.

Brynjulf Bergslien var fødd på Voss. Han var bror til kunstmålaren og bilethoggaren Knud Bergslien og onkel til kunstmålaren og skulptøren Nils Bergslien. Morbroren, Aad Gjelle, var ein kjend signetstikkar.

Han byrja i lære som gravør og siselør, først i Bergen, seinare hos Jacob Tostrup i Kristiania, og arbeidde vidare i dette faget i København. Han vart elev ved Kunstakademiet i København og var assistent hos professorane Herman Vilhelm Bissen og Jens Adolf Jerichau. I 1861 busette han seg i Kristiania, der han dreiv eigen gravørverkstad.

Bergslien vann tevlinga om eit monument over Karl Johan og arbeidde med ryttarstatuen i åra 1868–1875. Statuen er plassert framfor Slottet og vart avduka 7. september 1875 under stor festivitas, der kongefamilien var til stades. Monumentet vart hovudverket til Brynjulf Bergslien, særleg fekk han ros for utforminga av hesten. I 1875 vann Bergslien også tevlinga om eit minnesmerke over Kristian 4., men fekk likevel ikkje oppdraget med statuen. Derimot fekk han lage statuen av Henrik Wergeland som står på Eidsvolds plass i Oslo, og statuar av Peter Christen Asbjørnsen og Johannes Brun, dessutan mange byster av norske diktarar og politikarar.

Brynjulf Bergslien var riddar av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Brynjulf Bergslien
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053257036948

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg