Bodvar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Boðv-arr. Forleddet tyder ‘strid’, mens etterleddet kanskje tyder ‘krigar’.

Kulturell bruk

  • Ein av sønene til Egil Skallagrimsson (910–990) heitte Bodvar. Han drukna, og faren skildrar dette i skaldediktet «Sonetapet».

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Bodvar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg