Bianka er eit kvinnenamn som er ein stavevariant av det italienske Bianca laga til ordet bianco som tyder ‘kvit, lys’. Namnet har opphavleg vore eit tilnamn brukt på jenter med lyst hår.

Ein parallell til dette er Kåre som fyrst var eit tilnamn på gutar med krøllete hår.

Namnet har fleire variantar: Bianca, Bianka.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Bianka som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg