Anita Apelthun Sæle

Faktaboks

Anita Apelthun Sæle
Født
13. desember 1951, Fjell, Hordaland (no Øygarden, Vestland)

Artikkelstart

Anita Apelthun Sæle er tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (KrF). Ho har særleg markert seg med verdikonservative standpunkt.

Bakgrunn

Anita Apelthun Sæle er fødd i Fjell (no Øygarden) i Hordaland (no Vestland). Ho har fagbrev i kontorfag, tok kristendom grunnfag ved Universitetet i Oslo i 1975 og fekk graden bachelor of management ved Handelshøyskolen BI i 2007. Apelthun Sæle var tilsett i Bergens Privatbank frå 1969 til 1975.

Politisk karriere

I 1979 til 1993 var Apelthun Sæle vald inn på fylkestinget for Kristeleg Folkeparti i Hordaland. Ho var vararepresentantStortinget i perioden 1981 til 1993. Apelthun Sæle var deretter stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Hordaland i 1993–2005. I den første perioden var ho medlem av justiskomiteen på Stortinget, seinare sat ho i kommunalkomiteen og i næringskomiteen. Frå 2006 til 2008 var ho leiar av Kristeleg Folkepartis kvinner og dermed fast medlem av sentralstyret i partiet.

Apelthun Sæle har markert seg med konservative standpunkt, til dømes mot abort, åtvaringar mot homofili og sterkt forsvar for Israel. Ho har mellom anna skrive bøkene Ny kvinnekamp i Norge: Norge, vend i tide (1993) og Heimen og undervisningen, Statens barn? (1996)

Andre verv

Apelthun Sæle har òg engasjert seg i Bergen Blå Kors, der ho var styremedlem frå 1988 til 1990, og i Hordaland Nei til EU, der ho var i nestleiar frå 2005 til 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg