Ålfoten kyrkje
Ålfoten kyrkje er bygd i tre og blei oppført i 1678.
Ålfoten kyrkje
Av /Arfo forlag.

Ålfoten kyrkje er ei kyrkje i Bremanger kommune i Vestland fylke. Kyrkja høyrer til Ålfoten sokn i Nordfjord prosti. Den er ein del av Bjørgvin bispedømme og blir forvalta av Bremanger kyrkjelege fellesråd.

Kyrkja er bygd i tre og blei oppført i 1678. Ho har 100 sitjeplassar og har vernestatus som automatisk listeført.

Eksteriør og interiør

Ålfoten kirke
Ålfoten kirke
Av /Arfo forlag.

Kyrkja er ei langkyrkje bygd i lafta tømmer. Utvendig er den kledd med kvitmåla liggjande panel. Kyrkjeklokka er plassert på loftet og blir betent med eit tau i kyrkjerommet. Koret ligg aust for skipet, som utgjer midtpartiet av kyrkja.

Innvendig er både tømmerveggene og himlingen i det låge kyrkjerommet i umåla tre. Altertavla frå 1600-talet er dekorert med ornament, måla stjerner og tekst frå 1757. Preikestolen og dåpfata er sannsynlegvis frå 1600-talet.

Ålfoten kirke
Ålfoten kirke
Av /Arfo forlag.

Historie

Det er grunn til å tru at det i mellomalderen stod ei stavkyrkje på staden kvar dagens kyrkje står, men det er usikkert når denne kyrkja blei riven.

Kyrkjegarden frå mellomalderen blei sist utvida i 1971, og er avgrensa av murar i nord, vest og sør. Her er det gjort gravfunn frå folkevandringstida og vikingtida.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg