Aorist er ei fortidsform av verb som typisk uttrykkjer ei av fleire fullførte handlingar som følgjer etter kvarandre i ei forteljing. Språk som har aorist, brukar denne verbforma der vi på norsk brukar preteritumsformene selde, drog og sløste i desse setningane frå Lukas 15,13 i Det nye testamentet:

Faktaboks

Uttale
aorˈist
Etymologi
av gresk ἀόριστος (aóristos) ‘uavgrensa, ubestemt’
  • Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.

Termen aorist blir mest brukt i grammatikkar for eldre indoeuropeiske språk som gresk og sanskrit. Aorist svarer til perfektiv preteritum i moderne lingvistisk terminologi.

Eldre gresk

I eldre gresk står fortidsforma «aorist» (perfektiv preteritum) i motsetnad til ei fortidsform som blir kalla «imperfektum», men som i moderne lingvistisk terminologi heiter imperfektiv preteritum. Skiljet mellom «aorist» og «imperfektum» svarer – litt forenkla – til skiljet mellom did og was doing på engelsk; jamfør til dømes § 38 i boka Nytestamentlig gresk grammatikk (1996) av Ragnar Leivestad.

Moderne gresk

Moderne gresk har det same skiljet mellom perfektive og imperfektive fortidsformer, men termen «aorist» blir oftast ikkje i bruk lenger. Jamfør til dømes § 6.5 i Greek. An Essential Grammar (2016) av David Holton, Peter Mackridge og Irene Philippaki-Warburton, der ein skil mellom «simple past (perfective past)» og «imperfect (imperfective past)».

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg