Reidun går – til liks med Reidunn – tilbake til det norrøne kvinnenamnet (H)reið-unn Etterleddet -unn i norrønt er sannsynlegvis laga til verbet unna som tyder ‘elske. Namn som byrjar på Reid-, går tilbake til det norrøne ordet hreiðr som tyder ‘reir’. I namn kan forleddet Reid- omsetjast med ‘hus’.

Namnet har fleire variantar: Reidun, Reidunn.

Namnedag er 28. juli. Reidar har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Reidun

Eit utval personar med namnet Reidun, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 435 kvinner i Noreg som hadde Reidun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Reidun var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Reidun.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Reidun som var mest brukt 1935–1939.

Utvikling i bruk av namnet Reidun frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Reidun frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg