Alfhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Alf-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘alv (underjordisk vesen)’ og etterleddet ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Alfhild, Alfild.

Kjende personar med namnet Alfhild

Eit utval personar med namnet Alfhild, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 656 kvinner i Noreg som hadde Alfhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Forma Alfhild er brukt i Aalls Snorre-omsetjing frå 1838, og denne forma vart naturleg nok tatt i bruk før Alvhild som står i seinare Snorre-utgåver. Alfhild var på topp i perioden 1910–1914, og Alvhild like etter (1915–1929). Alfhild har sidan år 1900 vorte brukt nesten fire gongar så mykje som Alvhild.

Utvikling i bruk av namnet Alfhild frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Alfhild frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alfhild på 1800-talet.

Alfhild var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Alfild.)

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alfhild på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Alfhild var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Alfild.)

Historisk bruk av namnet Alfhild
Historisk bruk av namnet Alfhild
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg