Ein anglisisme er eit ord eller uttrykk som er lånt frå engelsk, eller ein uttrykksmåte som ber preg av engelsk ordval og ordstilling.

Faktaboks

Uttale
anglisˈisme

Medan norsk historisk sett har teke imot svært mange lånord frå nedertysk, tysk, fransk og latinsk/gresk, har engelsk vore den viktigaste kjelda til lånord etter andre verdskrigen. Studiar av anglisismar er eit eige forskingsfelt innanfor sosiolingvistikken. Anglisismar kan vere direkte lån, som squash, omsetjingslån som nettside (engelsk web page) eller hybridar som blogginnlegg (engelsk blog post). Betydingsendringar med opphav i engelsk språkbruk, som flagge i betydninga ‘gi til kjenne, vise fram', blir òg sett på som anglisismar.

Dei fleste anglisismar blir etter kvart tilpassa til norsk uttale og bøying. Tilpassing av skrivemåte blir kalla norvagisering, og Språkrådet arbeider jamleg med å normere slik tilpassing, til dømes kviss (for engelsk quiz) og rekkert (for engelsk racket).

Eit oppsiktsvekkjande trekk ved mange anglisismar er at det som opphavleg var den engelske fleirtalsendinga -s, etter kvart blir tolka om til å vere ein del av stammen til ordet. Dette gjeld for ei rekkje einstavingsord som kjeks (engelsk cakes), tanks, klips, kaps og så vidare.

I tillegg til enkeltord utgjer fraselån òg ein omfattande kategori. Ei rekkje partikkelverb og andre faste uttrykk er komne inn frå engelsk, slik som starte frå scratch, frike ut, gratis lunsj, business as usual og så vidare.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg