sjargong

Artikkelstart

Sjargong er ord og vendingar som er særeigne for ei fag- eller samfunnsgruppe, som har eit munnleg preg, og som kan vere vanskelege å skjøne for dei som står utanfor.

Faktaboks

Uttale
sjargˈong
Etymologi
av fransk jargon

Yrkesgrupper har formelle fagspråk, men utviklar ofte også eit uformelt, munnleg vokabular. Det er det munnlege og uformelle som skil yrkessjargongen frå det formelle fagspråket.

Eit døme er tradisjonell typografisjargong. Der fanst både jomfruer, enkjer, horungar, bryllaup og begravelsar. Ei side som var utan feil, som ikkje trong rettingar, vart kalla jomfru. Kom ein i skade for å setje same ordet to gonger etter kvarandre, var det eit bryllaup. Hoppa ein over eit ord, var det ein begravelse. Vart første linja i eit nytt avsnitt ståande nedst på ei side, vart linja kalla ei enkje. Hamna siste linja i eit avsnitt øvst på neste side, var linja ein horunge. Då dataprogramma tok over i typografifaget, kom det meir nøytrale nemningar. Horungar vart til farlause eller foreldrelause linjer.

Det finst kunstnarsjargong, sportssjargong, journalistsjargong, militærsjargong og meir. Sjargong finst også som stammespråk hos folk som dyrkar bestemte interesser. Stundom nærmar sjargongen seg eit hemmeleg språk, til dømes i narkotikamiljø.

Ordet «sjargong» vert av og til nytta synonymt med «slang». Stundom høyrer ein det òg brukt i vid tyding om fagspråk generelt.

Sjølve ordet har vi fått frå fransk jargon, som opphavleg tydde «pludring».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ingvald Marm: Slang og sjargong. Oslo 1962.
  • Jan Svennevig og Ingrid Kristine Hasund: «Uformelt talespråk», i Brit Mæhlum (red.): Praksis, bd. II i Norsk språkhistorie. Oslo 2018
  • Tone Tryti: Norsk slang. Oslo 1984.
  • Tone Tryti: Norsk slangordbok. Oslo 2008

Kommentarer (2)

skrev Jon Grepstad

Desse opplysningane om artikkelen om sjargong er forelda:

Artikkelen er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon

Fagkonsulent for artikkelen:
Dag Gundersen, Universitetet i Oslo

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg