Tangfluger (Coelopidae) er ein familie av insekt i ordenen tovenger. Det er om lag 30 artar kjent i verda, dei fleste på den sørlege halvkule og særleg i Australia og New Zealand. Tre av artane finnest i Noreg: Coelopa frigida, Coelopa pilipes og Malacomyia sciomyzina. Av desse er Coelopa frigida er den klart vanlegaste, og finnest langs heile kysten, samt til Kvitsjøen og sørover til Frankrike. Den er òg vidt utbreidd på strender i Canada og USA.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Coelopidae

Beskrivelse

Artane er alle små til mellomstore fluger, robust bygde, med noko avflata kropp og kraftige bein. Augo er små. Dei kan forvekslast med eddikfluger (familien Dryomyzidae) og tarefluger (familien Helcomyzidae), men kan skiljast på at dei er flatare og at håra i hårparet bak augetrekanten bøyger seg mot kvarandre.

Levevis

Larvene lever av tang som vert skyld opp på land, og dei vaksne vert oftast observert dei same stadane. Stundom opptrer dei i masseforekomstar, særleg på strender der så mykje tang blir skyld opp at dei dannar belter. Dei er avhengige av at tangen heldt seg fuktig, men tålar ikkje å vera under vatn.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tangfluer
Coelopidae
Artsdatabanken-ID
23873
GBIF-ID
7291

Kommentarar (2)

skreiv arnor gullanger

I artikkelen står det at det finst to artar tangfluger i Norge. Ved søk på Coelopidae i Artskart får eg opp tre artar.

svarte Marit M. Simonsen

Takk for innspillet! Artikkelen er oppdatert.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg