resonans

Artikkelstart

Resonans er i daglegtale det same som gjenlyd eller gjenklang. Omgrepet har også meir fagspesifikke tydingar innanfor fysikk og radio.

Faktaboks

Uttale
resonˈans
Etymologi
av fransk, frå latin

I fysikk blir resonans brukt om det at eit system som kan svinge, vil ta til seg energi og kome i sterke svingingar når det blir påverka av ei periodisk kraft med same frekvens som eigenfrekvensen til systemet. Eit døme på dette er at dersom ein held ein svingande stemmegaffel i nærleiken av ein annan stemmegaffel med same svingetal, byrjar den siste å svinge.

Maskiner kan kome i resonans ved visse turtal, dersom desse tilfeldigvis passar med eigensvinginga for maskina eller fundamentet til maskina. I teknikken kan slik resonans vere årsak til samanbrot av dei delane som kjem i resonans, fordi svingingane blir kraftigare enn det materialet toler.

Bruer kan kome i resonans og bryte saman når det blir marsjert i takt over dei. Hengebrua Tacoma Narrows Bridge i delstaten Washington, USA, kollapsa i 1940 på grunn av resonans. Vindstyrken gjorde at brua kom i så sterke svingingar at ho gjekk sund og fall i vatnet.

Ved radio blir resonans brukt til avstemming av ein mottakarkrets på ei innkomande bølgje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg