Ostehøvel
Ostehøvel. Modell: Spar. Produsert av Thor Bjørklund & Sønner
Ostehøvel
Ostehøvel

Nyprodusert variant av den opphavlege ostehøvelen som kom i produksjon i 1927.

Ostehøvel

Ostehøvel er ein reiskap til å skjere osteskiver med. Ostehøvelen vart oppfunnen av Thor Bjørklund, som tok ut patentoppfinninga i 1925 og starta firmaet Thor Bjørklund & Sønner A/S i 1927. Sidan 2009 har Gudbrandsdal Industrier produsert ostehøvelen.

Den opphavlege ostehøvelen

Ostehøvelen var opphavleg laga av fire delar; blad med egg, mellomstykke, stift og skaft. Dei første åra brukte ein vel 60 arbeidsoperasjonar og éin time på kvar høvel. Den første ostehøvelen var med eit bua, tungeforma blad. Skaftet var i metall og med det bua formspråket til rokokkoen som førebilete. På enden av skaftet var eit prega muslingskjel.

Ostehøvelen var meint for å skjere tynne skiver av osten, noko som vart godt motteke i dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra. Derimot frykta Meierienes Salgssentral at bruken av Bjørklunds ostehøvel skulle føre til at folk kom til å ete mindre ost. Dei sette derfor i verk annonsekampanjar der dei oppmoda til å kaste ostehøvelen.

Kopiar og andre produsentar

I løpet av relativt kort tid blei det laga etterlikningar i fleire land. Bjørklund valde til å byrje med å ta opp kampen mot dei ulovlege produkta. Han fann likevel tidleg ut at det var nærmast nyttelaust. I staden satsa Bjørklund på å forbetre kvaliteten, utvikle produksjonsmetodane og få til ein meir konkurransedyktig pris.

I 1942 gjekk Bjørklunds patent ut. Det førte til at andre produsentar i inn- og utland kunne lage ostehøvlar. Brabantia og Fiskars er to i rekkja av firma som i dag produserer ostehøvlar.

Seinare variantar

Sidan ostehøvelen fekk stadig større utbreiing og åra gjekk, melde det seg eit behov for å utvikle nye modellar. Den mest kjende modellen frå Thor Bjørklund & Sønner er ein ostehøvel til mange slags bruk, med eit nærast kakespadeforma blad med skaft i beisa bøk. Allroundhøvelen er å få med både plan og bølgja egg.

Etter Noregs økonomiske oppsving og utvida internasjonal matvarehandel i etterkrigsåra har nye ostar funne fram til spisebordet. Det blir no produsert fleire spesialreiskapar for mykost, fast ost og dessertost i tillegg til osterasp og oste- og smørjeknivar. I tillegg produserast salatbestikk og skaldyrsett.

Både Sigrid Eckhoff og Per Farstad har jobba for Thor Bjørklund med å framstille nye modellar og fargesetning av skaft. I 2005 lanserte firmaet Amitto-serien med klistrefritt blad.

Eigarskifte

Etter finanskrisa i 2008 kom Thor Bjørklund & Sønner A/S i økonomisk uføre. Styret bestemde derfor å slå bedrifta konkurs. Bustyret ønskte derimot å halde fram verksemda for å realisere mest mogleg omsetning før drifta blei avslutta. I perioden opplevde ein ein omsetningsauke, og attføringsbedrifta Gudbrandsdal Industrier (GIAX) kjøpte konkursbuet. GIAX produserer sidan 2009 ulike variantar av osthøvelen under merkevara Björklund 1925.

I 2017 vart ostehøvelen kåra til tredje beste design i Aftenposten og DOGAs konkurranse «Design i 100». Sidan etableringa har Bjørklunds ostehøvlar blitt produserte i meir enn 50 millionar eksemplar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Linder, Mats (2012). Ostehøvelen: Norske Designklassikere, Samler & Antikkbørsen, 6/2012

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg