Komposisjonsfuge er eit særskilt suffiks på første leddet i eit samansett ord, som s-en i medlems-land.
Faktaboks
- Uttale
- komposisjˈonsfuge
Her er fleire eksempel, der kvart samansetningsledd (forledd og etterledd) står i klammer, og komposisjonsfuga står etter ein bindestrek:
- s-en i [gud-s]–[teneste]
- e-en i [prest-e]–[gard]
- a-en i [møkk-a]–[vêr]
Komposisjonsfuga har namnet sitt etter ordet fuge i tydinga 'mellomrom eller skøyt mellom to konstruksjonsstykke (av stein, tre og liknande) som er felte saman'. Strengt teke er namnet misvisande, sidan komposisjonsfuga ikkje står mellom ledda, men er eit suffiks på det første leddet.
Ofte har ikkje forleddet nokon komposisjonsfuge, som i [bil]–[ferje].
Komposisjonsfuger i norsk kjem som regel historisk av eldre genitivsuffiks. På norrønt stod forleddet i ei samansetning i stammeform eller i genitiv eintal eller fleirtal:
- [guð-s]–[þjónasta] 'gudsteneste'; guðs er genitiv eintal av guð 'gud'
- [prest-a]–[garðr] 'prestegard'; presta er genitiv fleirtal av prestr 'prest'
- [prest]–[kona] 'prestekone'; prest er stamma til prestr 'prest'
På nynorsk kan samansetningar med blomster- som forledd analyserast som samansetningar utan komposisjonsfuge:
- [blomster]–[bed]
På bokmål finst ikkje substantivet blomster, berre blomst. Både nynorsk blomster og bokmål blomst kjem av norrønt blómstr 'blomster, blome', og bokmål blomst har oppstått ved at -er har blitt omtolka som ei fleirtalsending. (Strengt teke har dette skjedd i dansk, som ei omtolking av eldre dansk Blomster (eintal), som var i bruk på Holbergs tid.) På bokmål kan derfor blomsterbed gjerne analyserast slik at -er i forleddet har fått status som komposisjonsfuge, av same type som -er i litt forelda former som studentersamfunn:
- [blomst-er]–[bed]
- [student-er]–[samfunn]
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.