Enklitikon er i grammatikken eit språkleg element som er ein mellomting mellom eit ord og eit suffiks. Eksempel er austnorsk 'n som i ta'n 'ta han' og engelsk 'm som i I'm 'eg er'. Som suffikset står det etter eit anna element.
Faktaboks
- Uttale
- enklˈitisk
- Etymologi
-
av gresk enklitikós (ἐγκλιτικός) 'som lenar seg til føregåande ord'
Enklitikonet er ein type klitikon. Det finst òg ein annan type, proklitikon, som liknar prefiks, ved å stå føre eit anna element, som je 'eg', ne 'ikkje' og le 'han' i fransk je ne le connais pas 'eg kjenner han ikkje'.
Adjektivet til enklitikon er enklitisk. Adjektiva til klitikon og proklitikon er klitisk og proklitisk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.