Enklise er det at eit trykkveikt ord «hengjer seg på» eit føregåande trykksterkt ord, som engelsk 's (ei kortform av is 'er') i she's my friend 'ho er venen min'.

Faktaboks

Uttale
enklˈise
Etymologi

Av gresk énklisis (ἔγκλισις) 'bøying, helling'

Eit slikt trykkveikt ord, ofte ei kort, redusert form av eit trykksterkt ord, blir kalla eit enklitikon. Det liknar eit suffiks, men skil seg frå suffiksa ved mellom anna ved ein lokaliseringsfridom som suffiksa manglar. Suffiks kan som regel setjast på ord av éin eller få ordklassar, mens enklitikon kan stå etter ord av mange ulike ordklassar.

Her er fleire eksempel på enklise::

  • munnleg norsk -n / -en 'han' i munnleg norsk ta–n 'ta han' og der gjekk-en? 'gjekk han?' Dette er eit redusert form av han.
  • norsk kje 'ikkje' i det er kje greitt 'det er ikkje greitt'. Dette er ei redusert form av ikkje.
  • engelsk n't 'ikkje' i isn't 'er ikkje'. Dette er ei redusert form av not.
  • spansk me 'meg' og lo 'det' i ¡Dámelo! 'Gje meg det!'

Enklise står i motsetnad til proklise, der trykkveike proklitikon «hengjer seg på» føre eit trykksterkt ord, som i dette spanske dømet, der lo 'det' er eit proklitikon:

  • Lo veo 'Eg ser (veo) det (lo)'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg