Bots- og bønnedag, tidlegare kalla bots- og bededag, dag i kyrkjeåret særleg via faste, bøn og vedkjenning av syndar. I mellomalderkyrkja var slike gudstenester fast praksis, og den vart ytterlegare institusjonalisert i den protestantiske kyrkja etter reformasjonen. Bededag er eit fast årleg messeritual, som tidlegare òg har vore haldt hyppigare. Bededagar kan òg vera ekstraordinære, knytt til spesielle hendingar, som ulukker. Uttrykket er historisk òg nytta om takke- og jubelfestar.

13. oktober 1551 vart det forordna at det skulle haldast tre etterfølgjande bededagar over heile riket, 1.‒3. desember same år. Det same vart forordna dei neste fem åra, noko som grunnfesta ein praksis med årlege bededagar. I 1652 var praksisen presisert i alterboka, fastsett til å bli heldt over tre vekedagar mellom kyndelsmesse 2. februar og påska.

Bededagsinstitusjonen vart reformert under Sjællandsbiskop Hans Bagger (1675‒1693), og i ei forordning frå 27. mars 1686 vart dei tre bededagane samla til ein årleg faste-, bots- og bededag. Denne skulle haldast kvar fredag etter påske. Ved lov 28. mai 1915 vart han i Noreg flytta til fredag før allehelgenssundag, som er første sundag i november, seinare ved lov 22. des. 1950 flytta til sundag før allehelgensdag.

I 1626 vart det òg innført bededagar kvar veke, fredag i byane, onsdag på landet. Dette var del av fleire reformer under Christian IV, som skulle innskjerpa disiplinen medan Danmark-Noreg tok del i Trettiårskrigen. Dei vart difor delvis oppheva etter kongen trakk seg ut av krigen i 1629, men innført igjen i 1631. Grunnlaget for messa var ifølgje lova at Guds «rettferdige ris» straffa landet med ulukker som krig, forskrekkelege sjukdommar og dyrtid.

Det tematiske innhaldet i bededagane vart òg fastsett i 1626. Presten skulle preika: Først om den triste tilstanden til verda og kristendomen som tvang Herrens vreide ris til å straffa; for det andre om at straffa udelt kom av folk sine synder; for det tredje om at det einaste middelet til å unngå straffa var syndevedkjenning og omvending; og til slutt ei formaning om at ein no måtte leva gudfryktig.

Bededagar i veka vara til utover 1700-talet, men vart etter kvart dårleg besøkt. Desse vart ført omgjort til månadlege bededagar og så avskaffa litt om litt i løpet av hundreåret.

Den årlege bededagen vart frå 1686 offisielt kalla «ekstraordinær, alminnelig bededag». Til gjengjeld fanst det òg dagar som berre var «ekstraordinære». Ved større hendingar, som ulukker eller jubileum vart det, på politisk initiativ, halde gudstenester samtidig i kyrkjer over heile Danmark-Noreg.

I samband med krig spelte desse ei aktiv rolle, og vart først forordna i 1546, i samband med religionskrigane. Slike messedagar kunne elles haldast etter katastrofar var over og farar berga. I så tilfelle var delar av bodskapen takkseiing, men òg bøn og bot for at ulukka ikkje måtte komma igjen. Messa kunne då kallast både «takke- bot- og bededag».

Bededagar av denne typen spelte ein særleg politisk funksjon under eineveldet. Seinare har kyrkja arrangert særskilde bededagar som ei form for terapeutisk sjelesorg i samband med nasjonale katastrofar. 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

31. oktober 2012 skrev Øystein Lydik Idsø Viken

Artikkelen hevdar at ekstraordinære alminnelege bededagar forsvann ved innføringa av store bededag. Dette er nok ikkje riktig, desse vart framleis halde gjennom 1700-talet, til dømes 18. mars 1746, "til Guds Ære og Landets Frelse fra Fordervelse af den iblant Horn-Qvæget indkommen smitsomme Sygdom". Reformen med Store bededag fastsette datoen for den "almindelige" bededagen, og lovfesta at denne berre kunne haldast ein gong om året.

18. mars 2013 skrev Marte Ericsson Ryste

Hei Øystein,



Beklager at denne kommentaren har blitt liggende så lenge uten respons. Jeg har nå endret litt i teksten på artikkelen i tråd med din kommentar. Men legg gjerne inn forslag til endringer/utdyping direkte i teksten - så vil vi følge det opp. (Raskere denne gangen:)



Med vennlig hilsen

Marte Ericsson Ryste

Redaktør

5. juni 2013 svarte Ida Jackson

Ja, det er det! Men du må skrive om hele artikkelen til nynorsk for å kunne gjøre det. Trykk på "Funnet en feil? Foreslå endring" og skriv om artikkelen på målformen du foretrekker!

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.