Albedo er eit mål for kva evne flatar har til å reflektere lys, og blir definert som den brøkdelen av parallelt innfallande lys som blir spreidd diffust. Ein albedo på 0,10 vil for eksempel seie at 10 prosent av innfallande lys blir reflektert tilbake.

Faktaboks

Uttale
albˈedo
Etymologi
av latin ‘hvithet’

For jorda sett under eitt er albedoen rekna til om lag 0,3. Dette vil seie at 30 prosent av strålinga blir send tilbake til rommet frå skyene og jordoverflata, og ved spreiing frå luftpartiklar og støv. Tørr nysnø har ein albedo på 0,9. For skog er verdien 0,1–0,15.

Albedoeffekten bidreg til klimaendringarJorda. Endringar av jordoverflata, som hogst i stor skala, utbygging av urbane område eller endring av snø- og isdekke i samband med global oppvarming kan drastisk endre den lokale albedoen. Snødekt hav-is har for eksempel mykje høgare albedo enn ei havoverflate, og ein langt større del av solinnstrålinga vil dermed bli absorbert i havet og føre til auka oppvarming. Dette kan igjen føre til raskare issmelting. På same måten vil ofte hogst av ein skog som har låg albedo, gjere at skogbotnen med høgare albedo kjem til syne og dermed reflekterer meir stråling enn før. Auka skydekke kan òg føre til auka albedo og på den måten spele ei viktig rolle i global oppvarming.

Overflate Albedo
Svart jord 0,10
Tørr, grå jord 0,35
Dyrka mark 0,20
Skog 0,15
Vatn 0,06
Nysnø 0,90
Gammal, skitten snø 0,40
Skyar 0,30–0,80
Himmellekemar:
Merkur 0,06
Venus 0,70
Jorda 0,30
Månen 0,07
Mars 0,15
Jupiter 0,41
Saturn 0,42
Uranus 0,45
Neptun 0,55

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg