Når albedoen til eit område blir endra, kan det påverke klimaet, og det er dette som blir kalla albedoeffekten. Ulike typar landskap og forma på landskapet gjev ulik albedoeffekt. Eit asfaltert og tettbygd bymiljø vil behalde meir av varmen frå Sola enn den opphavlege lyse edellauvskogen som vaks i området tidlegare og som reflekterte meir av varmen ut att i verdsrommet. Ein tett og mørk planta granskog vil ha lågare albedo enn eit opent og lyst kulturlandskap. Dermed vil endringar i korleis areala blir brukt, gje endringar i albedoen til areala.
Albedoeffekten i snø- og isdekte område blir det prata særleg mykje om. I slike område vil ei endring av albedoen ha stor påverknad på den lokale og globale klimautviklinga. Kor stor del av jordoverflata som er dekt av snø og is, har mykje å seie for kor stor del av sollyset som blir reflektert. Isen og snøen (med høg albedo) kastar sollyset tilbake, medan bakken og havet (med låg albedo) tar opp meir av varmen frå Sola. Den gjennomsnittlege albedoen på Jorda blir lågare når isdekket i Arktis eller det snødekte arealet på kontinenta minkar, og når snøen ikkje blir liggjande like lenge. Dermed blir klimaet på Jorda varmare.
Is- og snøsmelting blir òg forbunde med tilbakekoplingsmekanismar. Når temperaturen stig, vil meir is smelte. Dette gjer igjen at ein større del av sollyset blir absorbert, temperaturen stig ytterlegare, enda meir is smeltar, og det oppstår det som blir kalla ei positiv tilbakekopling. Dette er mekanismar som forsterkar klimaendringar, og ein kan gjerne sjå på det som ein slags dominoeffekt. Motsett har ein negative tilbakekoplingar – desse bremsar endringar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.