Valbjørg er eit kvinnenamn som er laga etter mønster av det innlånte Val-borg frå tysk der forleddet tyder ‘velde, makt’ og etterleddet ‘berging’.

Dei fleste namna på -bjørg er eldre enn dei på -borg, men her har vi eit motsett tilfelle, for Valbjørg er laga fyrst i år 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Valbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg