Undine er eit kvinnenamn som er ein nyare variant av Undina som er eit seinlatinsk namn laga til det latinske ordet unda som tyder ‘bølgje’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Marie Undine Strøm fødd 1838 i Bergen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Undine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg