Torveig er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þor-veig. Forleddet er gudenamnet Tor. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var «veverske» og «syerske» Torveig Nilssen fødd 1881 i Straumsnes (Møre og Romsdal).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Torveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg