Tor Erik Jenstad

Faktaboks

Tor Erik Jenstad
Født
5. oktober 1956, Sunndal
Tor Erik Jenstad
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Tor Erik Jenstad er ein norsk språkforskar, ordboksredaktør og folkemusikar. Han har blant anna gitt ut Skjellsordboka (1991) og vore språkekspert i ulike program i NRK.

Bakgrunn

Tor Erik Jenstad er fødd i Sunndal. Han tok examen artium ved Tingvoll gymnas i 1975. Han vart cand.philol. frå Universitetet i Trondheim i 1982 med faga nordisk hovudfag, historie mellomfag og geografi mellomfag. I 1985 tok han pedagogisk seminar same staden. Jenstad speler trekkspel i fleire spelemannslag, og i doktoravhandlinga si frå 1995, Ein repetis i obligadur. Norsk folkemusikkterminologi, med vekt på feletradisjonen, fekk han kombinert folkemusikkinteressa si med interessa for norsk dialektologi. Han er knytt til NTNU og UiB som forskar.

Verksemd

I 2002–2015 var Jenstad redaktør for prosjektet Norsk Ordbok 2014, som leiar for redaksjonsgruppa i Trondheim. I 2013–2016 var han konsulent i Stadnamntenesta for Midt-Noreg. I 2015–2107 var han òg redaktør i Det Norske Akademis Ordbok.

Saman med Arnold Dalen redigerte han Trønderordboka (1997 og 2002). I 2003 gav han ut Norge rundt med ord. Jenstad har gitt ut fleire bøker om dialektar, spesielt om trøndersk. I 2007 gav han ut Ka sa du?, i 2008 kom Vaddesålekt, din jehuk, i 2010 Snedig å koinn trøndersk og i 2012 kom Din hånstaur!. Jenstad skriv underhaldande og med stor fagleg tyngd i desse og mange andre bøker.

Skjellsordboka, som kom i 1991, var så populær at Jenstad måtte revidere og gi henne ut på nytt i 1992 og i 1999.

Formidling

Frå 1992 til 2015 svarte han på lyttarspørsmål i «Dialektmagasinet» (seinare med tittelen «Sei det») i NRK Trøndelag, og han har vore mykje brukt som ekspert i «Språkteigen» på NRK P2.

Utmerkingar

Jenstad fekk Nordmøre Mållags målpris for 1993, og i 2019 fekk han Trønderlagets målpris. Sidan 2007 har han vore medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jenstad, T. E. (2003): Norge rundt med ord. Ål: Boksmia
  • Jenstad, T. E. (1991): Skjellsordboka. Gimse: Marcus

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg