Tone Birkeland

Faktaboks

Tone Birkeland
Født
8. mai 1947, Bergen

Artikkelstart

Tone Birkeland er ein norsk litteraturforskar. Ho er pensjonert førsteamanuensis med særleg kunnskap om barnelitteratur og biletbøker. Gjennom forsking og formidling har ho gitt vesentlege bidrag til utvikling av fagfeltet innanfor høgare utdanning.

Ho tok examen artium i Kristiansand i 1966 og er cand.philol. frå Universitetet i Bergen (1973), med historie, folkloristikk og nordisk i fagkrinsen. I tillegg har ho pedagogisk seminar (1974). Ho vart tilsett ved Høgskolen i Bergen i 1974 og var førsteamanuensis frå 1994 og fram til ho vart pensjonist.

Birkeland har skrive ei rad med fagbøker og artiklar om barnelitteratur og biletbøker. Mange av dei er viktige bidrag til norskstudiet i høgare utdanning.

Ho har vore aktiv i nordisk og internasjonalt arbeid og i fagpolitisk arbeid gjennom Norsk kulturråd og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Ho har òg vore aktiv i Noregs Mållag.

For Norsk barnelitteraturhistorie (1997/2005/2018) fekk Birkeland Kari Skjønsberg-prisen i 1997 og The Award from International Research Society for Children’s Literature i 1999. Den norske biletboka (1993) fekk Ord og Bilde-prisen i 1998, medan norskverket Soria Moria (1991/1999) fekk både Brageprisen i 1992 og Den norske læremiddelprisen i 2003. Soria Moria er utgitt på dansk og omarbeidd til bruk i den danske grunnskulen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, T., Risa, G. & Vold, K. B. (2005): Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg.
  • Birkeland, T. & Storaas, F. (1993): Den norske biletboka
  • Birkeland, T. & Werner, K. (1991–1994): Soria Moria. Språk- og sjangerlære 4.–7. klasse.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg