Terje Torkildsen

Terje Torkildsen.
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Terje Torkildsen er ein norsk forfattar, skodespelar, komikar og miljøaktivist. Han skriv ungdomslitteratur.

Bakgrunn

Terje Torkildsen er utdanna lektor, med hovudfag i nordisk frå Høgskolen i Agder (1996). Han har arbeidd som drosjesjåfør, lektor og prosjektleiar i Miljøheimevernet og Grønn hverdag i 1998–2007 og vore komikar på heiltid sidan 2008.

Forfattarskap

Torkildsen debuterte med ungdomsromanen Marki Marco i 2008. Det er ein spenningsroman med kjærleik, action og eit intrikat plot. Boka blei utvikla saman med elevar på 10. trinn ved St. Svithun skole i Stavanger.

Mellom 2009 og 2012 ga han ut dei fire ungdomsbøkene i tetralogien DYSTOPIA2014. Ei gruppe elevar på skuletur til London blir ramma av ein naturkatastrofe, og hovudpersonane blir sette på prøve.

I 2013 gav han ut boka Taxi! der han og standupkollega Hans Morten Hansen skriv forteljingar om tida då dei køyrde taxi på 1990-talet.

Film og scene

Torkildsen har medverka i dei norske spelefilmane Mongoland (2001), Alt for Egil (2004), Monstertorsdag (2004) og Eventyrland (2013). I filmen Mongoland spela han den prinsippfaste taxisjåføren TT.

Som komikar gjennom 15 år har han utvikla sin eigen sjanger, «morologi», og han framførte sin første morolog på Cafe Sting i Stavanger i 2002.

Saman med Siri Kalvig var han programleiar i serien «Himmel og hav» på TV 2 i 2007. Vi har òg sett han som KID-nummerentusiast i e-fakturaforeininga og i andre reklamefilmar og kortfilmar.

Anna verksemd

Torkildsen har vore vararepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Stavanger bystyre (2011-2015). Han var leiar i Studentmållaget i Kristiansand og medlem av landsstyret til Norsk Målungdom 1995–96.

Utmerkingar

Torkildsen fekk tildelt Noregs Mållags målblome i 2008 for arbeidet sitt for nynorske parallellklassar. Han fekk UPrisen i 2009 for Marki Marco og for Dystopia III i 2012. I 2019 blei Arrfjes (2015) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Utgivingar

  • Stavanger stories III (Ungdomsbok, Kolofon Forlag, 2020)
  • Isla Bonita (Ungdomsbok, Samlaget, 2019)
  • Stavanger stories II. Novellekrans (Ungdomsbok, Samlaget, 2018)
  • Humorboka (Gyldendal, 2017)
  • Stavanger stories I. Novellekrans (Ungdomsbok, Samlaget, 2016)
  • Arrfjes (Roman, Samlaget, 2014)
  • Taxi! (medforfattar) (Humorbok, Commentum, 2013)
  • Dystopia IV (Roman, Samlaget, 2012)
  • Dystopia III (Roman, Samlaget, 2011)
  • Dystopia II (Roman, Samlaget, 2010)
  • Dystopia 1 (Samlaget, 2009)
  • Marki Marco (Samlaget, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg