Faktaboks

Offisielt namn
Svalbard, Jan Mayen
Statsform
Del av Noreg
Statsoverhovud
Harald 5.
Landareal
60 212 km²
Innbyggjartal
ca. 2900 (estimat 2022)
Offisielt/offisielle språk
Norsk
Flagg
Riksvåpen

Svalbard og Jan Mayen er ei statistisk nemning på dei to norske områda Svalbard og Jan Mayen som saman med hovudlandet utgjer Kongeriket Noreg.

Svalbard og Jan Mayen er gjeve koden «SJ» i den internasjonale ISO-standarden ISO 3166 (ISO 3166-1 er ein standard for geografisk koding av statar og dei oversjøiske områda deira). Sjølv om desse to områda har ein felles «landkode», har dei lite til felles ut over at dei er dei einaste delane av Kongeriket Noreg som ikkje høyrer til eit fylke. Verken Svalbard eller Jan Mayen er biland.

Svalbard er ei øygruppe i Polhavet under norsk suverenitet, men med spesiell status i samsvar med Svalbardtraktaten. Jan Mayen er ei norsk øy i Atlanterhavet nord for Island utan permanent busetjing.

Bakgrunn

Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO) føreslo opphavleg berre ein eigen ISO-kode for Svalbard, men Utanriksdepartementet ynskte å inkludere Jan Mayen i koden.

ISO 3166-1-kodane blir mellom anna brukte til ei rekkje statistiske føremål. For statistikk om folketal og handel tyder «Svalbard og Jan Mayen» i praksis berre «Svalbard»..

I standarden for administrative einingar i land (ISO 3166-2) har Svalbard og Jan Mayen separate kodar (basert på dei norske fylkesnummera):

  • NO-21 Svalbard
  • NO-22 Jan Mayen

Domenet .sj

På grunn av ISO 3166-1-koden har òg «Svalbard og Jan Mayen» fått toppnivådomenet .sj.

Noreg har tre toppnivådomene:

Det er berre .no-domenet som er i bruk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg