Steinar Opstad

Faktaboks

Steinar Opstad
Født
28. juni 1971, Stokke, Vestfold og Telemark
Steinar Opstad.
Av /Kolon forlag.

Steinar Opstad er ein norsk poet som skriv dikt med bibelske motiv og allusjonar. Familierelasjonar, naturskildringar og eksistensielle spørsmål står sentralt i diktinga hans.

Bakgrunn

Steinar Opstad er fødd i Stokke (no Sandefjord) i Vestfold (no Vestfold og Telemark). Han gjekk ut av Tønsberg gymnas (no Greveskogen videregående skole) i 1990. Frå 1990 til 1991 gjekk han på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Seinare har Opstad teke grunnfag i tysk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen (1992–1994) og mellomfag i religionshistorie og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo (1994–1996). Dette førte fram til cand.mag.-graden i 1996.

I tillegg til å vere forfattar har Opstad arbeidd som forlagskonsulent og med poesiformidling på ulike arenaer.

Forfattarskapen

Opstad debuterte i 1996 med Tavler og bud, ei samling lyrisk forteljande dikt om oppvekst og familie, med varme naturskildringar og bibelske motiv. Poesien hans er prega av klare, men tankefulle bilete og vitnar om musikalsk sans. Religion, familie og natur står sentralt også i Den alminnelige (1998), Analfabetisk (2000), Synsverk (2002) og Samle øksene inn for kvelden (2005). I Avhymninger (2009) finst det meir eksplisitt politiske dikt, medan Å, høye dag (2013) er roleg og sanseleg i sine skildringar av einsemd, lengsel og tid. Himmelretninger. Essays om dikt og diktning (2012) er ei reflektert og engasjert essaysamling som viser at Opstad også er ein god lesar og lyrikkformidlar. I 2006 kom Det jeg synger om er enkelt. Dikt i utvalg.

Opstad var redaktør for boka Men sannheten kom som et dikt (2003), ein antologi med norsk samtidslyrikk. Han har òg redigert Til Cecilie. Festskrift til Cecilie Løveid på 60-årsdagen (2011). Opstad sine dikt er gitt ut på svensk i Den lyckligaste av alla ensamheter (2012) og Under en omvänd himmel (2014).

Utmerkingar

Han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1996 for Tavler og bud. Han har òg fått Aschehougprisen i 2003, Sultprisen i 2006 og Rolf Jacobsens lyrikkpris i 2007.

Bibliografi

  • Å være flere (Lyrikk, Kolon, 2022)
  • En varig lengsel (Lyrikk, Kolon, 2019)
  • Arbeid og drøm – dikt 1996-2016 (Lyrikk, Kolon, 2016)
  • Kjærlighetstapene (Lyrikk, Kolon, 2015)
  • Å, høye dag (Lyrikk, Kolon, 2013)
  • Himmelretninger – essays om dikt og diktning (Essays, Kolon, 2012)
  • Til Cecilie: Festskrift til Cecilie Løveid på 60-årsdagen (Red.) (Kolon, 2011)
  • Avhymninger (Lyrikk, Kolon, 2009)
  • Det jeg synger om er enkelt. Dikt i utvalg (Lyrikk, Kolon, 2006)
  • Samle øksene inn for kvelden (Lyrikk, Kolon, 2005)
  • Men sannheten kom som et dikt. Tretten poesier (red.) (Antologi, Kolon, 2003)
  • Synsverk (Lyrikk, Kolon, 2002)
  • Analfabetisk (Lyrikk, Kolon, 2000)
  • Mykt glass – et dikt i utvalg av Cecilie Løveid (Red.) (Antologi, Kolon, 1999)
  • Den alminnelige (Lyrikk, Kolon, 1998)
  • Tavler og bud (Lyrikk, Kolon, 1996)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Vassenden, Eirik: «Det store ensomme : Steinar Opstads Synsverk» i Den store overflaten : tekster om samtidslitteraturen, 2004, 103-123.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg