Spencer er eit engelsk mannsnamn som går tilbake til slektsnamnet Spencer laga til ordet dispenser som tyder ‘forvaltar’.

Spencer er ei yrkesnemning og kjem dermed på linje med slektsnamn som Smith og Schrøder (‘smed’ og ‘skreddar’). På norsk grunn er det laga få slektsnamn som går tilbake til ei yrkesnemning.

Kjende personar med namnet Spencer

Eit utval personar med namnet Spencer, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Spencer som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg