Solrun

Artikkelstart

Solrun kan – til liks med mange andre namn på Sol- – reknast som eit nylaga kvinnenamn. Det er også mogleg å føre Solrun tilbake til eit noko usikkert belegg i norrønt: Sǫl-rún. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hus, sal’ og etterleddet ‘hemmeleg kunnskap’.

Namnet har fleire variantar: Solrun, Solrunn.

Namnedag er 14. juli. Solfrid har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 400 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Solrun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg