Signor kan vere eit nylaga mannsnamn (1879) samansett av ledda Sig- og -nor. Det kan også vere avleidd av kvinnenamnet Signora som er tatt i bruk tidlegare (1856). Det er mindre truleg at Signor har bakgrunn i det italienske og spanske ordet signor som tyder ‘herre’.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Signor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg