Sabrina

Artikkelstart

Sabrina er eit kvinnenamn som er latinisert form av det engelske elvenamnet Severn.

Ei keltisk segn fortel at Sabrina var ei kongsdotter som drukna i Severn (walisisk Habren), ei elv i Wales. Det er usikkert om elva har namn etter prinsessa eller om det er omvendt.

Namnet har fleire variantar: Sabrine, Sabrina.

Kulturell bruk

  • Filmen «Sabrina» (1954) med Audrey Hepburn.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 280 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Sabrina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg