Artikkelstart
Otto Hageberg var ein norsk litteraturforskar. Han var ein allsidig formidlar av poesi og prosa, og skreiv bøker om mellom andre Olav Duun og Ragnvald Skrede.
Otto Annkjell Hageberg
Otto Hageberg var ein norsk litteraturforskar. Han var ein allsidig formidlar av poesi og prosa, og skreiv bøker om mellom andre Olav Duun og Ragnvald Skrede.
Otto Annkjell Hageberg var fødd i Fitjar i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium på norrønlinja ved Voss off. landsgymnas i 1956 og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1965. Emnet for hovudoppgåva var Tor Jonssons dikting.
Hageberg var tilknytta Universitetet i Oslo frå 1964, først som vitskapleg assistent, så som universitetslektor og førsteamanuensis, og 1985–2006 som professor i nordisk litteratur.
Hageberg redigerte ei rekkje essayantologiar, mellom anna Omkring «Peer Gynt» (1967), og utval av hans eigne litterære essay er samla i Frå Camilla Collett til Dag Solstad. Spenningsmønster i litterære tekstar (1980) og På spor etter meining. Essay om samtidslitteratur og om litterær tradisjon (1994). Han skreiv talrike artiklar og innleiingar og var mykje nytta som kritikar.
I 1996 gav han ut to bøker om Olav Duun: Forboden kjærleik, som er ein studie i spenningsmønster i Duuns dikting, og Olav Duun, som bring ukjende sider ved Duuns livshistorie for dagen.
I 2003 gav han ut Svidd sjel. Ein biografi om Ragnvald Skrede, som detaljert følgjar rettssaka mot Skrede i 1936 og viser korleis han reiser seg etterpå og blir ein høgt respektert lyrikar og ein av dei viktigaste litteraturkritikarane i si tid.
I 1967 var han medredaktør av artikkelsamlinga Kontur og kontrast, ei sentral debattbok om norsk språk og kultur. Han var òg medforfattar til lærebøker i litteratur for ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Hageberg gav mellom anna ut Hovedlinjer. Norsk litteraturhistorie for den videregående skolen (1986, saman med Tom Christophersen).
Hageberg var i mange år styremedlem i Gyldendal Norsk Forlag. Han var òg medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. I 1997 vart han tildelt Norsk språkpris.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.