Faktaboks

Ragnvald Skrede
Fødd
27. april 1904, Vågå, Oppland
Død
16. august 1983, Oslo
Verke
Forfattar og kritikar
Familie

Foreldre: Lærar og klokkar Anders Skrede (1866–1942) og Agnete Hammer (1866–1935).

Gift 11.11.1929 med lærar Johanna Indset (1.9.1903–26.9.1983), dotter til heradkasserar Esten Indset (1875–1955) og Brita Lad (1874–1955).

Ragnvald Skrede

Teikning. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Ragnvald Skrede
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Ragnvald Skrede var ein norsk forfattar, litteraturkritikar og omsetjar. Han blei rekna for å vere ein av si tids fremste litteraturkritikarar. Litterært utfalda Skrede seg i spennet mellom det moderne og det tradisjonelle, det personlege og det allmenne.

Bakgrunn

Ragnvald Skrede var fødd i Vågå. Han utdanna seg ved Elverum lærarskule (1921–1924) og studerte filosofi (1926), historie (1928), gresk (1934) og latin (1935) som privatist ved Universitetet i Oslo, samstundes som han var i arbeid som lærar og klokkar i Rauland og Vågå. Han vart seinare journalist og litteraturkritikar for Verdens Gang (1945–1953) og Dagbladet (1954–1967).

Forfattarskapen

Skrede sin forfattarskap inneheld forteljande lyrikk, både i tradisjonell, klassisk form og etter kvart i frie vers. Han nyttar rike naturskildringar og naturbilete, og ofte motiv og hendingar frå den norrøne mytologien. Grunnhaldninga er humanistisk og forfatterskapen er prega av store idéhistoriske kunnskapar.

Diktinga er konkret og intens når han tematiserer angst og einsemd, det å vere på sida av fellesskapen og mangle tillit til samfunnsmakta. Å kjempe for ei meining i livet, sjølv når det ser mørkt ut, går som ein raud tråd gjennom dikta hans. Lyrikaren hadde ein vanskeleg oppvekst, og ein personleg undertone avslører sterke kjensler og tøffe livserfaringar.

Skrede vart i 1936 dømd for seksuelle overgrep. Han fekk tre års soning og blei frådømt retten til å verke som lærer. Skrede kjende seg urettvist dømd, noko som pregar diktinga hans. Kjennskap til desse hendingane gir høve til ei dobbel tolking av mange av dikta hans.

I 1947 skreiv Skrede ein biografi om Tarjei Vesaas. Skjønnlitterært debuterte han i 1949, med diktsamlinga Det du ikkje veit. For den neste samlinga, I open båt på havet (1952), fekk han kritikarprisen frå Norsk litteraturkritikarlag. Livskamp og eigenstyrke vert her symbolisert i diktet om reven som gneg av seg foten for å kome laus frå ei glefse. Så går han inn i ura og døyr. Skrede gav ut til saman tolv diktsamlingar, i tillegg kom det ut dikt i utval både i 1964 og 1969. Den siste samlinga hans var Brenning (1975).

Forfattaren dramatiserte ein roman av Nikos Kazantzakis for Det Norske Teatret og fekk sett opp ein eigen tekst i Radioteateret, begge i 1954. Som omsetjar gjendikta han mellom anna alle Shakespeare sine sonettar. Han var òg redaktør for fleire novelleantologiar.

Anna kulturelt arbeid og verv

Skrede var elles aktiv i kulturelt arbeid og heldt mellom anna litterære foredrag. Han sat som medlem av juryen for Nordisk råds litteraturpris frå 1969 og var formann i Det litterære råd i Den norske forfatterforening 1970–1972.

Utmerkingar

I 1967 fekk han Doblougprisen og i 1969 Norsk kulturråd sin pris.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hageberg, Otto: Svidd sjel : ein biografi om Ragnvald Skrede, 2003.
  • Sørbø, Jan Inge: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018
  • Ulateig, Egil: Korsfestelsen : historien om Ragnvald Skrede og Vågå, 2003.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg