Os og Fusaposten

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Os og Fusaposten er ei lokalavis for Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommunar) i Vestland. Avisa kjem ut to gonger i veka.

Etablering

Avisa har sitt utspring i ein strid i Os og Fusa si første lokalavis, Midhordland. Midhordland kom ut første gongen i 1972, etter initiativ frå Vestlandske Mållag.

Christian Fr. Stabell vart tilsett som redaktør og dagleg leiar i Midhordland i 1973, med Arnfinn Haga som styreleiar. I 1975 var avisa gjord til aksjeselskap, med familiane Haga og Krüger som eigarar. Aksjeutvidingar og endringar i eigarforholda skapte konfliktar mellom redaktør Stabell og dei to eigarfamiliane.

Konflikten toppa seg då eigarane stoppa ein artikkel i trykkjeriet, ein artikkel som redaktøren hadde godkjent. Stabell braut ut, tok med seg dei fleste av medarbeidarane og starta sommaren 1987 den nye avisa Os og Fusaposten.

Utvikling

Den nye avisa fekk på kort tid over 2700 tingarar. Midhordland tapte både tingarar og fekk store kostnader som følgje av dette brotet. Eigarane stemna derfor Stabell og den nye avisa for retten og fekk medhald i at dei skulle ha 883 500 kroner i skadebot og få dekt sakskostnadene.

Dommen vart anka, men berre få veker før ankesaka skulle opp, vart Midhordland slått konkurs. Det siste nummeret kom 1. november 1990. Sidan har Os og Fusaposten vore einaste lokalavisa i Bjørnafjorden. Avisa vart kåra til beste lokalavis av Landslaget for lokalaviser i 1991 og 2004.

Os og Fusaposten hadde i 2019 eit opplag på 5022 eksemplar.

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

  • Flo, I. (2002): Konkurranse mellom lokalaviser på fire ulike marknader i Noreg: Midhordland, Os og Fusaposten, Bygdebladet, Storfjordnytt, Bømlo-Nytt, Bømlo i Tekst og Bilde, Fjordenes Tidende og Fjordabladet. Arbeidsrapport. Volda: Møreforsking Volda
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg