Odne er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Ådne som er dialektform av Arne som tyder ‘ørn’. Dette namnet har særleg vore brukt i Agder og Rogaland.

Namnet har fleire variantar: Oddne, Odne, Ådne, Aadne, Åne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Odne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Odne på 1800-talet.

Odne var klart mest brukt i Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Odne på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Odne var klart mest brukt i Rogaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Aadne.)

Historisk bruk av namnet Odne
Historisk bruk av namnet Odne
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg