Logo
Logo
Av .

Nynorsk pressekontor er eit norsk nyheitsbyrå, som blei starta i 1969. Den viktigaste oppgåva til stiftinga er å styrke nynorsken i pressa ved å skrive varierte artiklar på nynorsk.

Nynorsk Pressekontor har ein samarbeidsavtale med NTB og redaksjonen har kontor i NTB sine lokale i Pressens Hus i Oslo.

NPK er ei sjølveigande stifting. Styret i stiftinga vert peika ut av Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen.

Nynorsk Pressekontor produserer eigne artiklar. I tillegg kan lokalaviser bestille bilete og intervju på nynorsk frå hovudstaden gjennom NPK. Nynorsk Pressekontor har òg utvikla maskinomsetjingstenesta Nynorskroboten.

Historie

Tidleg på 1900-talet var stoff på nynorsk ein viktig ressurs for redaktørar i små lokalaviser. Tradisjonen med å utveksle stoff på nynorsk gjekk i oppløysing før andre verdskrigen. I pressekvardagen etter 1945 vart pressebyråa ein viktig stoffleverandør til lokal- og riksmedia. NTB var ein stor aktør, men dei leverte ikkje nyhende på nynorsk. Utover 1950- og 60-åra vart det kravd meir nynorsk frå NTB av fleire bokmålsaviser, til dømes Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad, utan at det førte fram.

Noregs Mållag tok initiativ til eit nynorsk presse- eller telegrambyrå før den første stortingsdebatten om pressestøtte. I 1969 løyvde Stortinget 75 000 kroner til kvart av dei partipolitiske pressekontora, og til «eit nynorsk pressekontor».

Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen gjekk saman om å starte aksjeselskapet Nynorsk Pressekontor. Om lag 40 aviser abonnerte på tenesta frå starten. På 1970-talet hadde NPK 80 aviser som abonnentar.

Aani Rystad dreiv Nynorsk Pressekontor frå 1969 til 1990. Han etablerte praksisen om at kontoret ikkje skulle være eit talerøyr for målrørsla. Ein skulle skrive nynorsk, ikkje om nynorsk.

Stortinget har gitt årlege løyvingar til NPK sidan 1970. Statstilskotet har utgjord omkring 80 prosent av inntektene. Kring 1980 trykte avisene om lag 10 000 tekstar frå NPK. På 1990-talet vart talet på publiserte tekstar dobla, men talet på abonnentar sank til nærare 30. Sidan 2007 har Nynorsk Pressekontor hatt ein samarbeidsavtale med NTB. Redaksjonen vart flytta til NTB sine lokale i Pressens Hus.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg. Nyorskpressa 1850-2010. Oslo: Samlaget.
  • Hjeltnes, Guri (2010): Norsk Presses Historie. Bind 3. Imperiet Vakler 1945-2010. Oslo: Universitetsforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg