Nikolay er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Nikolai som er genitivsform, Nikolai, av det latinske Nikolaus. Lenger bak kjem Nikolaus av det greske Niko-laos der forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘folk’.

Namnet har fleire variantar: Nicholai, Nicholay, Nickolai, Nickolay, Nicolai, Nicolaj, Nicolay, Nikolai, Nikolaj, Nikolay.

Namnestatistikk

I 2022 var det 359 menn i Noreg som hadde Nikolay som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Nikolay i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Nikolay. Dette inneber at 40 prosent hadde Nikolay som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Nikolay frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Nikolay frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg