Mona Høvring

Faktaboks

Mona Høvring
Født
8. oktober 1962, Haugesund, Rogaland

Foto: Finn Ståle Felberg

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Mona Høvring er ein norsk lyrikar og romanforfattar som tematiserer områda erotikk, seksualitet og intimitetsproblem i møtet mellom menneske.

Bakgrunn

Mona Høvring er fødd i Haugesund i Rogaland. I 1978–1979 var ho elev ved Sandvik folkehøgskole i Nordland og i 1979–1980 ved Bergeland videregående skole i Stavanger. Ho studerte ved Hegdehaugen voksengymnas i Oslo i 1987–1989. Høvring har ein allsidig yrkesbakgrunn som mellom anna tannlegeassistent, omnsoperatør ved elektrolysehallar, medarbeidar i bokhandel og forpleiingsassistent offshore i Nordsjøen.

Forfattarskapen

I 1998 debuterte Høvring med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Andre diktsamlingar er Ensomme badedager og andre dikt (2000), Helt vanlige mirakler (2006), Å paradis (2008), Ekornet og den vaklevorne brua (2010) og Jente med dødningehode (2017).

Romandebuten kom i 2004 med Noe som hjelper. Sidan har ho skrive romanane Venterommet i Atlanteren (2012), Camillas lange netter (2013), Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født (2018) og Soga om Fråid. Hans meiningar og livskjensle. Som også inneheld somme salige stunder (2021). Hovudtemaet hennar er seksualitet og individet sine vanskar ved å vere intim med andre menneske. Høvring er omsett til dansk, svensk, fransk og tysk. Ho er representert i fleire antologiar.

Verv og anna engasjement

Ho var medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening frå 2007 til 2011 og av den norske Doblougkomiteen i seks år fram til 2018. Ho har òg vore gjesteforelesar ved Forfattarstudiet i Tromsø og ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Utmerkingar

Høvring fekk Språklig samlings litteraturpris i 2012. For Camillas lange netter vart ho i 2014 nominert til Nordisk råds litteraturpris. Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født gav forfattaren Kritikarprisen i 2018. Den same boka vart òg nominert til Bokhandlarprisen. I 2021 fekk ho tildelt Doblougprisen.

Bibliografi

  • Soga om Fråid. Hans meiningar og livskjensle. Som også inneheld somme salige stunder (Roman, Samlaget, 2021)
  • Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født. (Roman, Oktober, 2018)
  • Jente med dødningehode. (Dikt, Oktober, 2017)
  • Camillas lange netter. (Roman, Oktober, 2013)
  • Venterommet i Atlanteren. (Roman, Oktober, 2012)
  • Ekornet og den vaklevorne brua. (Dikt, Oktober, 2010)
  • Å Paradis. (Dikt, Oktober, 2008)
  • Helt vanlige mirakler. (Dikt, Oktober, 2006)
  • Noe som hjelper. (Roman, Oktober, 2004)
  • Ensomme badedager og andre dikt. (Dikt, Oktober, 2000)
  • IIK!! Ein dialog. (Dikt, Gyldendal, 1998)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer (2)

skrev Mona Høvring

Artikkelen er ikke oppdatert. Diktsamlinga Ekornet og den vaklevorne brua fra 2010 er ikke tatt med.

skrev Ingvild Christine Herzog

Hei! Nå har du fått oppdatert bibliografi. Vi legger gjerne til enda mer info etterhvert - men nå er det hvertfall riktig med utgivelser.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg