Faktaboks

Midsundingen
Offisielt namn
MIDSUNDINGEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Eigd av
Tvisyn AS
Forretningsadresse
Midsund
Stifta
22.10.2017
Dagleg leiar
Robin Røkke
Styreleiar
Robin Røkke

Midsundingen er ei norsk lokalavis som dekkjer tidlegare Midsund kommune i Møre og Romsdal. Ho er først og fremst ei dagleg oppdatert nettavis som og kjem ut i papirformat ein gong i månaden. Avisa har kontor på tettstaden Midsund.

Historie

Lokalavisa vart i 2017 grunnlagt av Haramsnytt AS, og tok sikte på å dekkja lokale nyhende på øyane Otrøya, Dryna, Midtøya, Magerøya og Tautra. Ein av eigarane i Haramsnytt AS, medieselskapet Tvisyn AS, selde seg i 2023 ut av selskapet og overtok samstundes heile eigarposten i Midsundingen.

Opplag
År Opplag
2019 1065
2020 1052
2021 1034
2022 1010
2023 1000

Frå 2020 er det opplagstala både for digitalt abonnement og papirabonnement som er grunnlaget for statistikken hos Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Første nummer av avisa kom ut i 2017.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Midsundingen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg