Faktaboks

Michelle O'Neill
Fødd
10. januar 1977
Michelle O'Neill
Michelle O'Neill, leiar for Sinn Féin i Nord-Irland og fyrsteminister i Nord-Irland frå 2024.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Michelle O'Neill er ein nord-irsk politikar. Ho er leiar for det republikanske partiet Sinn Féin i Nord-Irland, og visepresident for Sinn Féin i heile Irland. I februar 2024 vart ho fyrsteminister for Nord-Irland. Det var fyrste gongen ein irsk nasjonalist, republikanar og tilhengjar av irsk samling utanfor Storbritannia hadde denne posisjonen. O'Neill har tidlegare vore visefyrsteminister, landbruksminister og helseminister i Nord-Irland, og har også hatt lokalpolitiske posisjonar.

Oppvekst, utdanning og familiebakgrunn

Michelle O’Neill vart i Fermoy i County Cork i Republikken Irland. Ho vaks opp i Clonoe i Nord-Irland, fekk det fyrste av sine to barn 16 år gamal, medan ho gjekk på St. Patrick’s Girl’s Academy i Dungannon, før ho tok vidare utdanning i rekneskapsfag.

Republikansk familiebakgrunn

Michelle O’Neill vaks opp i ein kjend irsk-republikansk familie. Faren Brendan Doris har vore aktiv i IRA, lokal folkevald for Sinn Féin og hadde sona fengselsstraff for IRA-aktivitetane sine. Eit syskenbarn og IRA-medlem vart drepen av spesialkommandostyrken Special Air Service (SAS) i 1991 og eit anna syskenborn vart såra under ein IRA-aksjon i 1997, medan onkelen Tony Doris har vore president for den irsk-amerikanske republikanske støtteorganisasjonen Irish Northern Aid Committee (NORAID).

Politisk karriere

Då Langfredagsavtala (også kalla Belfast-avtala) vart underskrive i 1998, melde Michelle O’Neill seg inn i Sinn Féin. Frå 2005 til 2011 var O’Neill folkevald for Sinn Féin i Dungannon and South Tyrone Borough Council, som hadde eit klårt nasjonalistisk (republikansk) veljarfleirtal. Der var ho borgarmeister – den fyrste kvinnelege – frå 2010 til 2011.

Landbruksminister (2011–2016) og helseminister (2016–2017)

I 2007 vart ho fyrste gongen innvald som representant i Northern Ireland Assembly (den nordiske forsamlinga) frå valkrinsen Mid Ulster. Frå 2011 har Michelle O’Neill vore med i den nord-irske maktdelingsregjeringa (Northern Ireland Executive) i ulike ministerpostar i dei periodane parlamentet og regjeringa var i funksjon. I perioden 2011–2016 var ho minister for landbruk og distriktsutvikling og frå 2016 til 2017 var ho helseminister. Frå 2018 har ho også vore visepresident for Sinn Féin og leiar for partiet i Nord-Irland. John O’Dowd var motkandidat til visepresidentvervet i Sinn Féin i 2019, men O’Neill vart attvald med klårt fleirtal.

Som minister for landbruk og distriktsutvikling overstyrte O’Neill sitt eige departement då ho flytta hovudkontoret for dette politikkområdet frå Belfast til Ballykelly i grevskapet (London-)Derry. Derimot vart forsøket hennar på å omplassera 100 millionar pund frå EU’s felles landbrukspolitikk til distriktsutviklingsprosjekt rettsleg blokkert etter initiativ frå Democratic Unionist Party (DUP) sin finansminister Simon Hamilton i 2013. I 2016 lanserte O’Neil, då som helseminister, ein tiårig helsereform som svar på lange ventelister. Få dagar etter at O’Neill vart helseminister avvikla ho også forbodet mot at homofile og biseksuelle kunne donera blod, slik England, Skottland og Wales hadde gjort i 2011.

Fyrsteminister

I perioden 2020–2022 var Michelle O’Neill visefyrsteminister for Nord-Irland, og frå februar 2024 er ho fyrsteminister – med Emma Little-Pengelly frå Democratic Unionist Party (DUP) som visefyrsteminister. Dette var eit resultat av at Sinn Féin for fyrste gong vart det største partiet i ei nord-irsk forsamling ved valet i 2022. O’Neill vart likevel fyrsteminister fyrst i februar 2024, fordi DUP trekte seg frå posisjonane sine i 2022, slik at den nord-irske forsamlinga og regjeringa var ute av funksjon i ein toårsperiode.

Som fyrsteminister har ho lagt sterk vekt på at ho ynskjer å vera ein fyrsteminister for alle, dette har ho markert både i taler og ved å delta i arrangement som for eksempel utseksaminering av ferdig utdanna polititenestemenn i Police Service of Northern Ireland (PSNI). Samstundes er ho ein høgt profilert pådrivar for folkerøysting om irsk samling i ikkje altfor fjern framtid, i tråd med den sterke Sinn Féin-prioriteringa av denne politiske målsettinga.

Ein sentralfigur i fornyinga av Sinn Féin

Det er kjend at Michelle O’Neill stod nært Sinn Féin- og IRA-veteranen Martin McGuinness (1950-2017), og at han og Gerry Adams (1948-) bidrog sterkt både til at Michelle O’Neill vart framståande politikar i Belfastparlamentet og den nord-irske regjeringa og til at Michelle O’Neill og Mary Lou McDonald inntok dei to øvste posisjonane i partiet Sinn Féin frå 2018. At O’Neill og McDonald inntok desse posisjonane var ei sterk markering av kvinner som topp-politikarar i den republikanske rørsla. Desse to var også dei to fyrste i desse posisjonane som sjølv ikkje hadde ei fortid som medlemer i Irish Republican Army (IRA).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Maillot, Agnes (2022); Rebel government. Is Sinn Féin ready for power? Manchester, Manchester University Press.
  • Matthews, Neil & Whiting, Sophie (2022); “To the surprise of absolutely no one.” Gendered political leadership change in Northern Ireland. I The British Journal of Politics and International Relations Vol 24(2).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg